12. oktober 2009
| Skrevet av Anna Lise Sortland, TFT-terapeut Stord |
| mandag 04. februar 2008 20:42 |
|
De sa det ikke var mulig.... TTT ting tar tid. Eg sa lenge at det ikkje var mulig. Mange års erfaring innan psykisk helsearbeid hadde lært meg: ting tar tid. Å bearbeide vanskelege følelsar er ein tidkrevande prosess. Ingen skal kome her og påstå noko anna. Ein av mine første jobbar som ferdig utdanna ergoterapeut var på ein av dei beste psykiatriske klinikkar i Norge. Eit gjennomsnittleg opphald på klinikken var då på ca 3 mnd. TTT ting tar tid. Nødvendig tid, til å finne ut av ting, bearbeide det, finne nye løysingar. TTELT ting tar endå lengre tid Ein del år seinare jobba eg med oppfølging av personar som hadde langvarige psykiske lidingar. Der erfarte eg TTELT ; ting tar endå lenger tid – enn det eg hadde erfart frå før. Tidsfaktoren vart mangedobla. Og eg såg at det var nødvendig tid.
Reorientering På eit punkt i livet mitt fann eg det nødvendig med ei fagleg reorientering. Eg gjorde nokre fundamentale valg som førte meg inn i ein nye faglege retningar. Ein av dei viktigaste lærdomane som bragte meg frå TTT til TTITT var TFT. Les vidare....
TFT – tankefeltterapi : ting tar veldig kort tid ! Eg høyrde om ein som påstod at følelsesmessige problem kunne forsvinne nesten like fort som ein knipsa med fingrane. Mats Uldal heitte han – og han hadde foredrag ulike stader der han også demonstrerte metoden. Ein galning.......? Ut frå min solide erfarings-baserte faglighet meinte eg at dette var heilt på jordet. Men eg var likevel bittelitt nysjerrig. Tenk om det var sant? Kva var det som i så fall gjorde at det gjekk så fort? Nysjerrigheten dreiv meg – først til å høyre eit foredrag og deretter melde meg på kurs. Dette førte til at eg fekk mine første erfaringar av at TtiTT. ( ting treng ikkje ta tid)
Behandlingstid for fobiar kunne i heldige tilfelle ta minuttar. Me lærte oss likevel å gje det litt tid, inntil 5 konsultasjonar, slik at me kunne gå inn i fleire sider av problemet og vera sikker på at pasienten var kurert når me avslutta.
Fobiar og traume-behandling kurert på eit par konsultasjonar! Eg vart også svært forundra over historiane me høyrde om frå krigs- område i Kosovo der det internasjonale TFT-kriseteamet hadde vore og jobba med menneske som hadde vore utsett for alle slags traumer i krigshandlingane. Ein til to behandlingar og 99,5 % bedring generelt. Og deretter høyrde eg om Gary Graig som hadde jobba med krigsveteranar frå Vietnam-krigen, menneske med post-traumatisk stress, medikamentelt og psykoterapeutisk behandla gjennom fleire tiår, - for så å bli heilt bra etter kun ein eller to EFT-behandlingar. Hadde eg ikkje sett dei gode resultata sjølv så ville eg fortsatt ha sagt at det ikkje var mulig.
Stille revolusjon TFT har revolusjonert min praksis. Behandlingstida i klinikken har gått drastisk ned. Det er ei stor glede å sjå så raske og gode resultat. Bruksområdet for TFT er stort. Sjølv brukar eg det mest til emosjonelle problem, smerter og spenningar og til nøytralisering av allergiar. Resultata kjem oftast raskt. Nokon gonger klarer me ikkje å løyse problemet heilt. Kanskje skal det andre inn i bildet fordi personen treng å lære noko anna i tillegg. Eller eg treng å lære noko meir...?
Anna Lise Sortland, TFT-terapeut Stord
|
| Sist oppdatert ( torsdag 07. mai 2009 02:18 ) |






